Archive for februar, 2006

Narkomane og deira jobbmuligheter

måndag, februar 27th, 2006

Politiet i Oslo har satt igang ein storstila aksjon for å få bukt med salget av hasjis ved Akerselva. Den siste tida har dei arrestert over 100 personar i det dei skulle kjøpe. Dei vart alle kasta på glattcelle, noko som ifølgje politet er rett og rimeleg. Men det stoppar ikkje der; i Aftenposten kan vi lese kva følgjer det vil få for framtidige studie og jobbmuligheter om ein har eit hasjkjøp på rullebladet. Og det er ikkje få karrierer som går fløyten for dei uheldige; eg siterer i fleng: Flygeleder, brukshunddommer, låsesmed, Natteravn (i Oslo), meklar i konfliktrådet, ulike stillinger i selskapet Norwegian, politi og eigedomsmegler.

Så det er berre å sitere Eminem: "Don`t do drugs!"

Her er heile lista.

Dagens blinkskot

laurdag, februar 25th, 2006

Konsertomtale: Muddy Mojo på Bahran

tysdag, februar 21st, 2006

Det var stinn brakke og stormande jubel då duoen Muddy Mojo, beståande av Per Berg og Ronny Fimland, entra scena på Bahran laurdag 18. februar. Karane har øva intenst dei siste vekene og det var knytt stor spaning blandt dei 30-40 tilhøyrande om dette hadde vore vel investert tid.
(meir...)

I den sjette verda

måndag, februar 20th, 2006

Det er vel på på høg tid å tilrå ei bok, og då fell valet på den seinaste romanen til Tormod Haugland, I den sjette verda. Boka handlar om dei to eigedomsmeklarane Valden og Karlsson som kjem til ei lita vestlandsbygd for å selje ein eigedom. Det viser seg fort at Valden har heilt andre motiv med besøket. Han er oppvaksen i bygda og forlot kona og dottera her for mange år sidan. Det er ikkje berre byrjinga som minner om klassisk western, faktisk er heile boka bygd etter denne lesten. Valden er fast bestemt på å vinne attende kvinna som han framleis elskar, og dessutan er han full av planar og idear for framtida. Men ikkje alle i bygda er glade for at Valden er komen attende, og snart er det duka for forviklingar. Heimkomsten er det sentrale temaet i Haugland si bok, og han drøftar dette på sin heilt særeigne og svært så fornøyelege måte.

Mannen uten fortid

måndag, februar 20th, 2006

I kveld klokka 22.45 sender Tv2 dokumentaren Mannen uten fortid, som handlar om den største nolevande forfattaren i Noreg, Dag Solstad. Filmen fekk til dels rosande omtale i Morgenbladet laurdag, så dette kan bli kjekt.

Muddy Mojo på Bahran laurdag

torsdag, februar 16th, 2006

Førstkomande laurdag svingar duoen Muddy Mojo gitarar, trekkspel og diverse perkusjonseffektar for eit lite men interessert publikum på Bahran. Muddy Mojo framfører eigne låtar heimehøyrande i blues- og roots-land med stor sjarm og godt humør, utan at dèt går utover kvaliteten.

Programmet for Bergenfest er klart

onsdag, februar 15th, 2006

Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og det er vel ingen grunn til at det ikkje vert det i år òg. Andre nyheiter som vart lansert idag er den kanadiske supergruppa The New Pornographers, countrybluesaren William Elliot Whitmore, norgesvenene Legendary Shack Shakers, USAs beste bluegrassband (offisielt) Chatham County Line, Dumdum Boys og hiphopmisteren Guru's Jazzmatazz. Frå før er bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson, Alex Chilton, Tift Merrit og The Stooges klare. Her er det berre å knuse sparegrisen.

Festen går av stabelen 28. april - 6. mai. Les meir på Bergenfest.no.

The Elected: Sun, sun, sun

sundag, februar 12th, 2006

Dei som treng oppmuntring i vintermørket bør sjå hit. På sitt nyaste album spelar The Elected fjørlett og sommarvarm vestkystpop blanda med countrypop a la Bright eyes. Resultatet er kriminelt fengande og umiddelbart iøyrefallande musikk. Mannen bak plata heiter Blake Sennett og han spelar til vanleg i bandet Rilo Kiley.

James Baard?

fredag, februar 10th, 2006

Det har lenge vore klart at Pierce Brosnan takkar for seg som 007, og som vanleg er det ein heftig diskusjon om kven som som skal bli den neste James Bond. Jude Law, Clive Owen og Ewan McGregor var lenge heite namn, og den siste tida har Daniel Craig verka så godt som klar for rolla. Ved ein glipp kom imidlertid denne kortstokken ut på markedet, og det er difor mykje som tyder på at det er Baardemann som blir den neste James Bond.

Vekas låt: Belle & Sebastian – Another Sunny Day

tysdag, februar 7th, 2006

Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei held fram i same tralten - med pop som eg nesten er tru(g)ande til å kalle "livsbejaande". Vol opp volumet!