Archive for desember, 2008

Arne Hvidsten – The Beach

onsdag, desember 31st, 2008

Det finnast nokon som er endå sleipare enn eigedomsmeklarane; nemleg eigedomsutviklarane. Den sleipaste av dei alle heiter Arne Hvidsten.
Mr Europa 2008
(meir...)

På tide å dra huet deres ut fra kakkelovnen fra 50 tallet å se på dagens sitvasjon og fremtiden

fredag, desember 26th, 2008

Kloke ord som dette får eg aldri nok av.

Ap og SV folk hetser og nå begynt å hetse om finanskrisen..Eg spør meg, kordan går det an..når vi veit det er AP og SV som styrer..
(meir...)

Spotify

torsdag, desember 18th, 2008

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.

Om du ikkje har lyst å betale 99 bols/mnd, må du ha ein invitasjon for å få tilgang. I skrivande stund har eg to stk att og eg er så storsinna i desse juletider at eg rett og slett donerer dei bort til den første, og den andre, som melder seg (det er altså det såkalla "første mann til mølla-prinsippet" som gjeld).

The year on Ufjelg

onsdag, desember 10th, 2008

Avisa Verdens gang presenterte i dag lister over dei mest populære søka på internett i år. Ikkje så mange overraskingar og ikkje særs interessant. Her er ei liste over dei mest populære sakene på Ufjelg i 2008. Finans er naturleg nok hot, og merkeleg nok klamrar Tiller seg til toppen:
(tala i parantes viser kor mange gonger artiklane er opna)
(meir...)

BMW-eigarar er verstingar

onsdag, desember 10th, 2008

I Dine Pengers undersøking av bilførarars haldningar og handlingar kom BMW-eigarar, saman med Audi- og Mercedes-eigarar, dårlegast ut, skriv Aftenposten.

De beholder gjerne penger de finner, de kjører gjerne for fort, de sniker på trikken og synes ikke det er så ille å snyte litt på skatten. Samtidig er BMW det bilmerket som kolliderer mest.

Godt å få stadfesta dette.

Tragedie

fredag, desember 5th, 2008

No ser det ut til at vi endeleg er kvitt Madrugada. Takk og lov. Gleda vart diverre kortvarig. Det viser seg nemleg at The September When har gjenoppstått. Kva blir det neste? (meir...)

Årets julegåve: Dr Munks popleksikon

måndag, desember 1st, 2008

For dei av dykk som framleis har eit par ledige slots på ønskjelista anbefalar redaksjonen å føre opp Dr Munks popleksikon.