Archive for mai, 2007

For oss som elskar Guitar Hero, men manglar Playstation

torsdag, mai 31st, 2007

Sjekk denne!
http://fretsonfire.sourceforge.net/
Det er rett og slett ein friprogramvareversjon av Guitar Hero. Fungerer på Windows, Linux og Mac. Kjøp eit trådlaust tastatur og modifiser i vei.
http://blog.keyboardsonfire.net/

Klientellet

måndag, mai 21st, 2007

cover
Isn't life strange er eit nydeleg og relativt representativt kutt frå den nye plata til The Clientele, God save The Clientele. Dette er ein parademarsj med pop-perler i fin innpakning. The Clintele høyres ut som 60-talet på sitt mest harmlause og koselege, og bør helst nytast i seine sommartimar. Kvar enkelt song på plata er perfekt, og verd eit masterstudium i seg sjølv. Ei alvorleg innvending er at variasjonen kunne ha vore mykje større, men eg kan lett sjå gjennom fingrane mine.

XTC – All you pretty girls

laurdag, mai 19th, 2007

(meir...)

Ja, vi elsker

torsdag, mai 17th, 2007

.... norwegian country music går i år av stabelen på Logen teater. Arrangementet startar kl 16.00 og held på til langt på natt. Tek du turen får du høve til å høyre blant anna Gram Per Person spele country cover-låtar av sin store helt, One way out synge smektande gospeltonar, Tom Sawyer & The Huckleberry Finns og bluegrass, Mao med sin country & eastern og det relativt ferske countryensemblet Empty bottles, broken hearts. Felles for halvparten av kveldens bend, forutan den åpenbare sjangerlikskapen, er at Jørgen "The boy can play" Sandvik spelar i dei. (meir...)

Uflaks

fredag, mai 4th, 2007

No er helvetet laus.

Hot Fuzz!

onsdag, mai 2nd, 2007

Vil oppmode alle om å komme seg avgarde og sjå Hot Fuzz på nærmaste kinematograf. To timar pur moro. Eit stjernegalleri av dei sjeldne på skodespelarsida, i britisk målestokk vel og merke, som byr på ypparleg underhaldning. Filmen kombinerar humor med action og vold på ein sjangersikker og framifrå måte. Antagelig den beste politifilmen nokonsinne, og det kjekkaste eg har sett på svært lenge. Hovedpersonane, traktert av Simon Pegg og Nick Frost er vidunderlege, og eg anbefalar varmt deira forrige mesterverk "Shaun of the dead". Men Hot Fuzz er fleire hakk betre i mine auge, og eg nærmast garanterar at den fell i smak. God fornøyelse