MÃ¥nadleg arkiv: september 2005

Gratulasjon

På denne dagen, som er fødselsdagen til Fjernsysshowlegenden Ed Sullivan, filmskodespelarane Marcello Mastroianni og Brigitte Bardot, og songaren Ben E. King, og dessutan dagen for slaget om Arnhem i 1944 og i tillegg dagen då Marvin Gaye fekk ei stjerne i Walk of fame i Hollywood i 1990, gratulerer vi Snorre B. med tredveårsdagen! (Biletet […]

Heia Dylan!

BT kunne å går melde om at Martin Scorsese sitt filmportrett av Bob Dylan er klart for Biff. Filmfestivalen Biff går av stabelen frå 20. til 26. oktober i år.

Heia Tufte!

I morgon er det premiere på tv-serien eg har jobba med dei siste månadane, Heia Tufte. 21.30 på Tv-Norge. Håper dokke får sett det:) http://www.tvnorge.no/programmer/heia_tufte/episoder

Endeleg

Bergens Tidende skal leggje om til tabloidformat neste haust. Det avgjorde styret i bedrifta torsdag ettermiddag.

Førde i riksavisa

Det er alltid moro når heimtraktene blir omtala i riksaviser, slik som i dagbladet: http://www.dagbladet.no/kultur/2005/09/21/444071.html Apostrof er jo berre sååå fint!

Splitte mine bramsegl

Hei og hå og ei flaske med rom! I dag er den internasjonale "Snakk som ein pirat-dagen" og alle vert oppfordra til å snakke slik det høver seg. Wikipedia kan fortelje meir om saka. Eit alternativ kan vere å sjå den ganske så morosame filmen Pirates of the Caribbean med Johnny Depp i hovudrolla, hvis […]

3 brødre

Det nye programmet til Bård, Harald og Atle hadde premiere i går og eg kan med ein gong seie at eg vart litt skuffa. Det var mykje Tazte priv-stoff som var omgjord til fjernsyn og andre ting som vi har sett liknande av før. Det var riktig nok litt humring, og Lena er moro, men […]

Valsiger

Ein svært spanande valkveld fekk ein lukkeleg utgang då det mest humane, sosiale, distriktsvennlege og miljøvennlege alternativet vann. Vi går lysare tider i møte.

Bone – no også som dataspel

Dagbladet skriv at den fabelaktige teikneserien Bone straks vert lansert i dataspelutgåve. Spelet er laga av tidlegare tilsette i LucasArts, som stod bak t.d. Sam & Max og Day of the Tentacle. Æ glær mæ og eg må kanskje kjøpe mitt fjerde dataspel (for dei nyfikne: dei tre andre er Defenders of the Crown, Half […]

Kvar laurDAG OG til alle TIDer

Dersom du har 895 kroner til overs, så kvifor ikkje nytte dei på den uslåeleg gode vekeavisa Dag og Tid. Er du student kjem ei årstinging på berre 537 kroner. Differansen kan til dømes nyttast til ei flaske 20 år gamal Madeira frå Barbeito (#46060 Barbeito Malvasia Special Reserva 20 years old), som du kan […]