Author Archive

Knausgård

onsdag, juli 7th, 2010

Ein skikkeleg godbit for sunnfjordingar:

http://jolster.origo.no/-/bulletin/show/583184_karl-ove-knausgaard-til-joelster

Kven skal redde verda?

torsdag, desember 17th, 2009

I avstemninga over kven som skal redde verda saknar eg Kina som eit alternativ. Spesielt når det gjeld miljøkrisa, trur eg seriøst at Kina er eit bra alternativ. Demokrati er ganske makteslause når det gjeld å innføre effektive tiltak mot global oppvarming, pga kortsiktige mål alltid vil vere for viktige. Eit totalitært regime kan imidlertid ta effektive grep.

Vaksineaksjon.no

onsdag, november 18th, 2009

Igår stod det ei merkeleg annonse på trykk i Dagbladet (ei heil side!). Det var ”folkeaksjonen mot H1N1 vaksinen” som hadde satt inn annonsa, og dei reklamerte for nettstaden www.vaksineaksjon.no.
(meir...)

Kvakksalvar

onsdag, juni 10th, 2009

Alternativ medisin er i vinden som aldri før. Snåsamannen og hans kolleger vert omfamna og applaudert av politikarar og profilerte samfunnsaktørar. Skepsis er heilt klart på vikande front. Når edruelege folk prøver å argumentere seriøst og vise at healing, homeopati, kinesiologi, etc etc faktisk aldri har vist å ha nokon som helst effekt, er det som motargument nok å kviskre at debattanten tilhøyrer den håplaust gamaldagse og sneversynte sekta "skulemedisin".
(meir...)

Boligsalget opp 167 % !!!

måndag, april 27th, 2009

På tekst-TV las eg nettopp at salget av nye boligar no går rett til himmels. Faktisk har salget gått opp over 100 % sidan forrige kvartal. Tilsvarande gladnyhet har vi kunne lese i alle nettaviser med økonomi-seksjon. Her er NRK sitt døme.

http://www.nrk.no/nyheter/okonomi/1.6583552

Etter å ha lese gjennom 4 av desse sakene (Hegnar.no, DN, NRK og tekst-TV) har eg endå ikkje fått presentert tala desse reknestykket er basert på. Siste kvartal i 2008 vart det sannsynlegvis solgt omtrent null nye leilgheter. At salget har aukt med ufattelige 167 %, betyr difor lite. La oss seie det vart solgt 2 leigligheter i siste kvartal 2008. Om det då vert solgt 20 leigliheter i 1. kvartal 2009 er det ein auke på (hold deg fast!) 1000 %!!!

Kven er det så som står bak denne saka med den overraskande auken i bustadsalget? Jo, det pålitelige og heilt nøytrale nyhetsbyrået "Boligprodusentene".

At alle økonomiredaksjonane rundt om ukritisk presenterer statistikk på denne måten, er eit veldig tydeleg teikn på at tida er overmoden for ei uavhengig økomomiavis!

(jada, eg veit at rebeleconomics framleis ikkje har kome seg ut av kuvøsen....)

Krisepakkane virkar ikkje!

laurdag, februar 21st, 2009

Dow Jones var i løpet av fredagen ned på sitt lavaste nivå sidan 1997. Oslo Børs stuper også ned mot 200-grensa, og falt fredag med over 5 %. Dette til tross for all verdas redningspakker!
(meir...)

boliga.no

fredag, januar 9th, 2009

Det er sagt at det finnast tre typer løgn: løgn, forbannet løgn og statistikk. Dette gjeld definitivt for Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) sin statistikk om bustadprisane.
(meir...)

Arne Hvidsten – The Beach

onsdag, desember 31st, 2008

Det finnast nokon som er endå sleipare enn eigedomsmeklarane; nemleg eigedomsutviklarane. Den sleipaste av dei alle heiter Arne Hvidsten.
Mr Europa 2008
(meir...)

Ny helg – nok ein gladnyhet

fredag, november 28th, 2008

Eg hadde satt meg som mål at mitt neste innlegg på ufjelg ikkje skulle handle om finans, men det er ikkje lett å halde det løftet når ein vaknar opp til ei slik fantastisk overskrift:

Notar klarer ikke betale ut lønn
(meir...)

Din fiendes fiende er din venn

måndag, november 17th, 2008

Som kjent er det ikkje alle som er like glade i eigedomsmeklarar, men no viser det seg at heller ikkje eigedomsmeklarane likar alle like godt. Spesielt dårleg likt er enkelte professorar frå Norges Handelshøyskole.
(meir...)