Dette innlegget og den påfølgjande diskusjonen tar kaka.
Author Archive
Herregud!
måndag, mars 15th, 2010Tourmanager 2009
torsdag, juli 2nd, 2009Tour de France er kun to dagar unna. Vel ditt eige lag her og meld deg inn i sunnfjordligaen.
Kven er dette?
tysdag, mai 26th, 2009
Breaking news!
laurdag, mai 9th, 2009Ifølgje ny forsking finst det no prov på at ein blir meir vaken av å sove lenge jamført med å sove kun i eit kort tidsrom. Dette kan ein lese om i The Scandinavian Journal of Clinical & Laboratory Investigation.
Om konklusjonen verkar noko skråsikker, tek i det minste ein professor ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer litt høgde for divergerande syn:
"Dersom vekkerklokken hadde vært stilt på et annet tidspunkt, kunne resultatet ha blitt annerledes."
Uansett - det er verd å merke seg at den menneskelege organisme av og til treng kvile.
Helgelyd på frigjeringsdagen
fredag, mai 8th, 2009Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men nokså sjarmerande og koseleg. Her er ein smakebit frå My maudlin career:
The beautiful game
fredag, april 17th, 2009Er Førde eit vegkryss?
tysdag, mars 3rd, 2009Kom eg over denne diskusjonen på førstesida til Vg-nett i dag. Ikkje kvar dag ein får oppleve at heimbyen blir diskutert på ein såpass avglamouriserande måte. Men som Mikey01 så treffande seier: Endelig en tråd vi kan diskutere dette!
No surrender
fredag, februar 13th, 2009Uansett kor mykje folk tråkker på deg og prøver å holde deg nede: slå tilbake. Aldri gi opp. Tru på deg sjølv. Fortsett kampen. Du kan slå deg ut av alt. Hold ut. Du er verdifull.
I rotasjon
laurdag, januar 24th, 2009På platespelaren for tida er siste plata til Morrissey, Years of refusal. Den er strålande, og mykje betre enn førre forsøk frå den kanten. Det lovar bra for Oslo-besøket i vår. The crying light med Antony and the Johnsons får og mykje speletid. Var i utgangspunktet skeptisk til om Antony kunne følgje opp suksessen med I am a bird now, men det klarar han faktisk. Så vil eg til slutt nemne The tallest man on earth med plata Shallow graves. Han er ein Dylan-inspirert, svensk trubadur som skriv utsøkte melodiar.
Ein smakebit frå sistnemnde: (med Nick Drake-intro)