Vaksineaksjon.no

Igår stod det ei merkeleg annonse på trykk i Dagbladet (ei heil side!). Det var ”folkeaksjonen mot H1N1 vaksinen” som hadde satt inn annonsa, og dei reklamerte for nettstaden www.vaksineaksjon.no.

På denne sida kan ein lese kor farleg vaksina er (den inneholder kvikksølv, skvalen,
kreftfremkallende formalaldehyd) etc. Ein kan også lese kor dårleg
testa vaksina er, kor farleg Tamiflu er, biverknader av vaksina, og at
”Media og helse-myndigheter kjører en kraftig, unyansert og uansvarlig
markedsføring av svineinfluensapandemien!”

Det er litt vanskeleg å forstå kven som står bak denne kampanjen, men
dei har i det minste klart å mobilisere. Ei heilsides annonse i
Dagbladet er ikkje gratis! Eg synast dette er skremmande, og det er
heilt klart eit uttrykk for at alvorleg mange menneske i dette landet
har misforstått noko heilt fundamentalt, og syner ein provoserande
mangel på respekt for vitenskap.

Denne aksjonsgruppa nøyer seg ikkje med annonse og nettstad, på
torsdag arrangerer dei fakkeltok i alle større byar!

Parolen er:
Vi vil vise at folket nå sier STOPP!
Vi er bevisste nok, vi tar egne valg og vi lar oss ikke styre!

Kva er det dei eigentleg vil stoppe? Det er ingen som vert tvinga til
å ta vaksine! At Staten kjøper inn millionar av doser vaksine mot ein
potensiell dødeleg sjukdom, er jo eit uttrykk for ein svært
velfungerande velferdsstat, kvifor blir folk så provosert over dette?

Eg synast det er foruroligande kor mykje skepsis det er i befolkninga mot råda frå folkehelseinstituttet. I våre dager vil alle vere sin eigen "ekspert" og eg synast det er problematisk at i spørsmål om helse er det heilt legitimt å høyre meir på råd frå nabo, kollega, homeopat, enn dei offentlege helsemyndighetene.

(Mange av Ufjelg sine lesarar har allereie lese dette innlegget før på forumet på nettspelet Travian der det for tida er ein livleg debatt omkring vaksinering, men i jakta på meddebbatanter eg kan bryne argumenta mine på, postar eg det på Ufjelg også).

Sjå også