Posts Tagged ‘tv-serie’

Hanne Krogh er ute av Skal vi danse?

laurdag, oktober 4th, 2008


I dag norsk tid måtte songstjerna Hanne Krogh sjå seg slått i dansetevlinga Skal vi danse?. Men den tidlegare Bobbysocks - legenda er storsinna i sine kommentarar til pressa. "Jeg synes det hadde vært forferdelig hvis Lene Alexandra hadde røket ut i dag" , sa Hanne Krogh i eit intervju rett etter fadesen. Og vidare: "Hun har fått en vidunderlig sjanse til å vise seg fram til det norske folk, og jeg tror det er flere hjerter enn mitt som hun har krøpet inn i."

Ufjelg.org kjem attende med fleire kommentarar etter kvart som denne saka utviklar seg.

(Sjå meir på VG-nett viss du vil)
(Hanne taklar pressa på rutinert vis)

Twin Peaks

onsdag, desember 5th, 2007

f
Etter merkeleg lang tid er endeleg heile Twin Peaks klar på DVD, i ein boks med ti plater og tredve episodar. Den fullstendig nyskapande serien frå frå 1990-91 er genial på sitt beste, men tar dessverre av i alt for mange retningar etter kvart. Den burde nok ha vore komprimert til halv storleik. Uansett er dette ei strålande julegåve for alle som hugsar denne serien med glede.

http://www.aftenposten.no/kul_und/film/article2135653.ece