Waglen helsar

Eg vart beden om å skrive ned nokre ord i høve at Doktor Munk forum no har skifta litt på layout-en, som det heiter inni Oslo. Det er både med glede og ikkje så lite tvisyn eg tek imot dette oppdraget.

I desse dagar då vi gjerne ser litt attende, etter 100 år i fridom frå svenskar og det som verre er, så må vi også sjå framover. For kva er det no vi kan skimte i horisonten av vår vesle tilmålte tid? Det kan synast fånyttes å springe frå denne globaliseringa. Sjølv om vi har trekt nisseluene så langt ned vi kan, så kjem også verda til vesle Noreg. Så korleis skal vi møte denne straumen av nye ting, kulturar, menneske, informasjon og inntrykk? Jau, vi skal stå nølande på trammen med eit usikkert smil og bede alt dette nye inn i stova på litt tynn kaffi og nokre tørre kanelgiflar, og så kan vi setje oss i stolen og høyre litt på dette litt skumle men spanade som rører seg det ute. Og vi seier kanskje ikkje så mykje, men i det dette store og no litt mindre skræmande skal spenne på seg skorne og vende attende til den store verda, stotrar vi kanskje fram; Me kan vel kanskje snakkast? Om ikkje anna så på Doktor Munk? Verda nikkar, får så brukarnamn og passord og går vidare.

Eg skal forresten helse så mykje frå Waglen. Han stod framfor meg i billettkøen i KP. Han tykte det var no vel mykje utskifting og fjas, men ynskte lukke til. Dessutan kom han ikkje til å skrive noko på forumet før det vart fleire meldingar av kannibalfilmar.

Ps: Eg spurde dama i billettluka kva film han framfor meg hadde kjøpt billett til. Og eg vart noko overraska då ho svarte Vanity Fair.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 3. juni, 2005 at 14:45 | Permalink

    Eg foreslår at denne Waglen oppdaterer oss andre på kva som er kvalitet og kva som er daukjøtt i denne kannibalfilmsjangeren.