Author Archive

Sverige går i seg sjølv. Med humor og artig kameraføring.

onsdag, januar 27th, 2010

Eg fekk ein link frå svigerinna mi i dag. Eit program på SVT som heiter Landet Brunsås. Moro og lærerikt om Sverige, mat og kultur. Tre heilt ålreite ting altså. Få det med deg! Programma vert også lagt ut på nett-TV hjå SVT.

Fyrste program ligg her, andre går på TV i kveld.

Amerika er film/filmen er amerikansk

onsdag, april 1st, 2009

Som småbarnsfar med kveldsjobb er det ikkje ofte det byr seg ein frikveld til å til dømes gå på kino. I kveld fekk eg sjansen, men det var ikkje noko på plakaten som umiddelbart fengja interessa. Eg fall då ned på ein actionfilm, og vona på grei underhaldning. Og jaudå, det var då for so vidt underhaldande. Men makan til dritfilm!
(meir...)

Lausriv! Lausriv! Trur eg..

sundag, mars 9th, 2008

Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot åtvarar i avsa Dag og Tid mot danninga av eit opprørsk regionalt parti som vil kreve Vestlandet sin rettmesige del av kaka. I ytterste konsekvens, kanskje lausriving frå resten av Noreg. Når eg skriv at det kjem litt seint, meiner eg at vi hadde alle tiders sjanse for berre få år sidan. Vi hadde Fusakongen, eit konstitusjonelt alibi, og vi hadde regionsreforma som kunne samla Vestlandsregionen. No har Fusakongen har abdisert, regionsreforma har stranda, og sluttrapporten er berre rekved.

Men vil vi dette? Vil du dette? Om vi ser på andre regionar/minoritetar som har rive seg laus eller ønskje dette, er det mykje usympatisk egoisme å spore. Aarebrot nemner Nord-Italia, Catalonia og Baskarland, alle rikare regionar enn resten av landet. Eg vil for eiga rekning slengje på Flandern-Vallonia-konflikta i Belgia. Rike Flandern i nord ønskjer ikkje å "subsidiere" fattige Vallonia i sør, og dei har så store samarbeidsproblemer at Belgia i haust var nærare 200 dagar utan regjering!

Kunne Vestlandet forvalta denne enorme rikdomen som vi tilfeldigvis er geografisk i nærleiken av? Eller hadde olje-, gass- og fiskepengane gjort oss like korrumperte som vestkanteliten i Oslo? Hadde vi vorte eit føregangsland som folk verda over såg opp til, eller hadde vi brukt alt på å kjøpe John Terry og Ronaldinhio til Brann eller Viking? Ville Vestlandet klart å bli samde om ein hovudstad? Neppe. Eg trur at straks grenseposten var på plass på Hardangervidda og Hemsedalsfjellet så ville det vore borgarkrig mellom bergensarar og siddisar.

Kanskje er Vestlendingen så uregjerleg at det er like greit at makta ligg i Oslo? Vi får vone for freden sin del at ikkje Kosovo vert anerkjend av verda. Det kan tenne gneistar til andre små regionar og folkegrupper. Enn så lengje kranglar vi fredsommeleg om småpeng her vest.

Kulturnytt frå nord

laurdag, mars 8th, 2008

fjas1.jpg

Her er noko av det som skjer på kulturfronten her i Hammerfest i helga. Dette blir nok stygt.

Den siste KNAXianar

onsdag, desember 12th, 2007

Denne veka er det slutten for KNAX i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har du sparebøsse eller merkehefte må du straks springe til næraste filial, elles går kronestykkene dine frå barndomen med i Terra-dragsuget. Dette barnekonseptet har vore der sidan eg var liten, men heretter vert det altså Kongleriket. Mange fine metaforar for sparing i floraen, ja. Dette blir nok pop.

Eit kjapt søk på google viser at dette ikkje er noko Sparebanken Sogn og Fjordane har sugd av eige bryst. Dei har dette i mange land! Fasaden slår sprekker og tilliten til banken er for min del sterkt svekt.

Evig solskin i eit sjukdomfritt sinn

onsdag, november 21st, 2007

I dag fekk me nyhenda om at det no har vore eit gjennombrot i stamcelleforsking. Forskarar i USA og Japan har klart å lage stamceller av hudceller, slik at ein ikkje treng nytte befrukta egg. Dette er jo vel og bra, men i nyhendeinnslaget som eg høyrde i radioen og seinare på Dagsrevyen klokka 19 vart det sagt at målet i framtida er eit liv utan sjukdom og evig liv. Er dette ein del av Den Norske Lægeforening sin uttalte visjon/filosofi? Eller er det ei utsegn frå NRK for å sexe opp innslaget? Dersom det fyrstnemde er riktig vonar eg at det vil kome ein debatt om etikken til Lægeforeningen. At ei yrkesgruppe som lever av å hjelpe/reparere sjuke kroppar/menneske sitt mål er å utrydde all sjukdom og dermed sitt levebrød er jo heilt idiotisk. Tenk om kokkar skulle forske på eit middel for gjer at folk ikkje trengde å ete? Er det bra å fjerne all sjukdom? Er det mogleg? Kva med psykiske sjukdomar. Kva samfunn vert det? Evig liv til alle mann? I desse klimatider må slike påstander vere reine drepen for miljøet. Evig liv? Kvar då? På Mars?

Eg vel å tru at denne påstanden kjem frå NRK, og vonar at dei i framtida kuttar ut denne typen tabloide fjolleutsegn. Er det nokon lesarar frå helsevesenet som vil stille seg bak dette?

[ ]

sundag, november 18th, 2007

Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gong med ei normering av nynorsken. No skal det strammast inn, ikkje lenger haugevis med alternativ og klammeformer. Så om du er nynorsking, medviten eller ei, aktiv eller passiv, brukar av dette språket som har meir valformer enn dei har lösgodis i Töcksfors, så må du skunde deg. No skal det verte stramt og enkelt, slik at det vert mog(e)leg/[muleg] for stakkars Austlendingar å få ein firar på sidemålsstilen sin. Det kan sjølvsagt ha/hev vore/vori andre meir høgverdige motiv som låg bak vedtaket. Men ein tenkjer no sitt..

Kulturdepartementet har visstnok no kome med ei oppmoding om å venta litt med normeringsarbeidet.. Jau, dette vert det nok kamp om.

La oss ta fyrstesideoppslaget!

laurdag, november 3rd, 2007

Har de sett den nye videoen til Spice Girls? Ai ai ai. Nittitalets fjortisheltar er attende. Tobarnsmor Victoria og gjengen ålar seg lettkledd rundt i eit mørkt og tungt møblert rom. Ein slags cross-over av drapsåstad frå The Linley Mysteries og ein pornofilm. Det sjukt, men samtidig må eg berre le. Moralen er i fritt fall. Men dei kjem vel unna med dette også. Billettane til "konsert-turnéen" er visst rivne vekk. Undrast på kven kjøparane er? Nye fjortisar eller gamle grisar? Dette appelerer visst til fleire lag.

Values and democracy

torsdag, november 1st, 2007

Sjølv om det førebels berre er 13 som har røysta på spørjeundersøkinga til høgre her på sida, må eg seie at eg finn resultata oppsiktsvekkjande! At fleirtalet ønskjer å surfe på internett i eit liv utan mosjon, musikk eller alkohol? Vel, det vert jo ikkje så mykje mosjon framføre pc-en, men kva skal ein surfe etter, når det ikkje finnst sport, vinsider eller musikk å laste ned? At nokon også tykkjer snus er meir verd enn til dømes musikk, er også ganske interessant. Eg kan vel berre avsluttningsvis slå fast at folk er jækla forskjellige! God helg!

Prisar skulen

sundag, oktober 28th, 2007

Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen stakk i går av med RiksAlarmprisen under Alarmpris-utdelinga på Sentrum Scene i Oslo. I prisen inngår turné i Noreg, øvingsfasilitetar før turnéen og showcase på By:Larm i Oslo. Prisen er eit samarbeid mellom Alarmprisen og Rikskonsertane og vinnaren vert plukka ut av ein fagjury.

Eg vil gratulere dei så mykje med prisen, og vonar no at dei kanskje legg Hammerfest inn i turnéplanen. Ungdomskulen er for tida på turné i USA og Storbritania.