Jada!

Då er trekninga til neste års VM unnagjort, og som venta ser det ut til å bli ein heil del interessante oppgjer. Vertslandet Tyskland skal møte Polen i Gelsenkirchen 14. juni, og med polakkane sin oppløftande kvalikk i England si kvalifiseringsgruppe, kan det bli ein tett og spanande kamp mellom dei to historiske erkefiendane. I gruppe B skal Sven Gøran Erikson leie britane i kamp mot sitt eige heimland Sverige, i ein kamp som vil bli møtt med massiv interesse. Det blir kjekt å sjå Rooney og Zlatan briljere på same bane. I gruppe C er det duka for kamp mellom to verkelege gigantar når mesterskapsfavorittane Argentina og Nederland brakar saman. Desse to har stått for fleire klassiske oppgjer oppgjennom historia, og denne kampen kan fort bli ein i den kategorien. Med seg i gruppa har desse to fått eit Serbia med ein imponerande kvalifisering bak seg, og kanskje det beste laget frå Afrika, Elfenbeinskysten med Didier Drogba på topp. Italia mot Tsjekkia er eit anna oppgjer med mykje kvalitet på bana. I gruppe F skal legenden Zico leie eit Japan i stor framgang mot heimlandet og storfavoritten Brasil. Spanande kan det og bli å sjå om Ukraina er så bra som dei verka å vere i kvalikken. Det får vi kanskje svar på når dei møter Spania i Leipzig 14. juni. Dette blir utruleg kjekt!!

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg