Tilstandsrapport frå ein bygdeby

Det er fullt mogeleg å tenkje seg at ikkje alle lesarane av Doktor Munk er lesarar av avisa Firda. Difor vil eg gjerne komme med nokre opplysningar om kva som rører seg i den sunnfjordske folkesjela for tida.

Førde har fått eit nytt storsenter. I spalta "Mi helg" er, som avisa sjølv skriv, "drivkrafta bak det nye storsenteret på Øyrane i Førde" intervjua. På spørsmålet: Kva har dette senterprosjektet betydd for deg? svarar han - Det finst det ikkje ord for. Og når avisa Firda spør: Klarer du å kople ut og ta helg, utan å ha dette bygget i tankane? svarar han - Svara eg ja, ville det vere usant.

Eg var sjølv innom senteret onsdag for å sjå på herlegdomen, og ein av dei første eg møtte var sjølvaste ordføraren. I dag då eg sykla forbi (laurdag formiddag) var ei stor folkemengde samla utanfor senteret. Det var sett opp ei scene framfor inngongen, og ein eller anna artist med austlandsdialekt gjorde seg klar. Dette er store greier.

Førde har blitt større enn Flora. Førde hadde 11430 innbyggjarar den første oktober i år, medan Flora hadde ynkelege 11329. "Slik må det jo berre gå når damene våre dreg til Førde kvar gong dei skal handle så mykje som eit trådnøste!" seier ein av florøværingane som er intervjua. Ordføraren tykkjer elles at nedgangen i folketalet i fylket er "dyster og urovekkjande" lesing.

Ei anna sak som får mykje plass i laurdagsutgåva av avisa, er ei sterk oppfordring frå ei dame som kallar seg kulturentrepenør, til fylkesordføraren. - Fjern cowboyhatten, Nils, seier ho i ingressen. Ho meiner det er eit stort paradoks at fylkesordføraren "som brenn for å få ungdom til å flytte til Sogn og Fjordane" samstundes blir identifisert med eit arrangement som Countryfestivalen på Breim. " Det er eit kjempeparadoks. Det er som å møte full i edruskapsnemnda", seier ho.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

Ein kommentar

  1. h
    Posted 19. november, 2006 at 11:22 | Permalink

    Nils er bra. Han sa ein gong at den største opplevinga han hadde hatt var då han var på konsert med Ricky Skaggs i Nashville. Eg trur på det.