Litt av kvart med sukker og salt

9. mars opptrer svensken Dan Fgerquist på Logen Teater. Han framfører songar av den russiske visesongaren Vladimir Visotskij på svensk. Ifølge Logen Teater sine nettsider vert det "En avkledd, sviende og sterk konsert med sanger om å være til." Eg trur det kan bli bra likevel.

Sist den austerrikske elektronikakonossøren Christian Fennesz vitja Bergen vart konserten hans på Trollofonen (ein gammal trolleybuss) brått avslutta pga sterk røykutvikling. Årsaka var truleg at bremsene hadde låst seg. Fennesz klappa kjapt igjen laptopen sin og alt var over før vi hadde passert Haraldsplass sjukehus. Tysdag 14. mars er han attende. Smart som han er opptrer han denne gongen i tryggare omgjevnader, nærare bestemt Logen Teater. Med seg har han Frode Grytten. Kva Frode skal gjere, er eg uviss på, men eg tippar det har noko med lesing å gjere.

OPPDATERING: MP3-filer med Fgerquist kan lastast ned

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg