Kva er gale med NRK?

Eg vart nett oppringt av ei dame som ville selge abbonement på Viasat. Ho lurte på kva for kanal eg såg mest på. Då eg svara NRK, fekk eg denne reaksjonen:

Hahahahahahahahahahahahahahahahaha!
For der går det så mange bra program lissom?
Hahahahahahahahahahahaha!

Kva er gale med NRK?

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

5 Kommentarar

  1. Proletaren
    Posted 4. november, 2006 at 19:20 | Permalink

    Tja, eg syntes alt var betre før.. i alle fall P3. Nuvel, det er vel heller 19-åringar som vert tilsett i spørjeundersøkingsfirma som ikkje alltid er heilt i vater..

  2. drleiv
    Posted 5. november, 2006 at 17:44 | Permalink

    Kvifor er det ingen telefonseljarar som ringer til meg?

  3. Proletaren
    Posted 5. november, 2006 at 21:13 | Permalink

    Du kan få dei som ringjer meg frå eit firma som ønskjer å selje rosenrot-produkter. Dei ringjer meg om lag 70 gongar i veka. Nokre tek berre ikkje eit hint.

  4. drleiv
    Posted 6. november, 2006 at 00:20 | Permalink

    Gje dei for all del nummeret mitt!

  5. Geiremann
    Posted 6. november, 2006 at 09:26 | Permalink

    Var så heldig å verte oppringt av ein straumseljar på telefonen ein dag. Då det er yrket mitt vart det ein høveleg god samtale der han vart teken i løgn opptil fleire gonger. Etter kvart lurte han på kvifor eg visste så mykje om emnet. Han fekk sanninga og takka for samtalen med desse orda : "Da går jeg ut fra at du har skjønt såpass at du ikke vil kjøpe noe av meg?".

    Højdare.

    Den gjekk inn på topp 5. Suveren nr.1 er endå då Jehova var på rusletur i Sogndal, og banka på døra vår då vi hadde kollokvie før KRL-eksamen. Stakkarane vart tvangsfora med kaffe og vanskelege spørsmål.