Thing to do in Åsane before you die

Det hadde seg slik at eg for ei tid tilbake var ein tur i Åsane. Det er sjeldan eg reiser dit av eigen hug, men når eg no fyrst var der så tenkte eg at eg måtte stikke innom Baunen, ein delikatessebutikk som ligg i Arken. Der har dei nokre heimelaga skinker som det har stått mykje bra om i avisene. Eg kjøpte med nokre skiver av den som heitte Ti Piace. Det er ei skinke som er salta etter italiensk oppskrift. Dei har og ei som er "norsksalta". Dette er gode greier! Løp å kjøp! Dersom du er så heldig å ha ei flaske avkjølt Argeso Amontillado Sherry ståande, så er dagen fullkomen! Det er verd kvar krone. Passar fint å ta med i parken. Tek mindre plass enn kotelettar og du slepp styret med eingongsgrill.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 12. juli, 2005 at 23:05 | Permalink

    Argesoen er mildt sagt fabelaktig. Sjå kva fasiten seier om den: http://www.dn.no/vinguiden/sok/?id=9833-12994 ("Verdens beste vinkjøp"). 😀 Skål!