Archive for the ‘Informasjon’ Category
onsdag, januar 27th, 2010
Eg fekk ein link frå svigerinna mi i dag. Eit program på SVT som heiter Landet Brunsås. Moro og lærerikt om Sverige, mat og kultur. Tre heilt ålreite ting altså. Få det med deg! Programma vert også lagt ut på nett-TV hjå SVT.
Fyrste program ligg her, andre går på TV i kveld.
Posted in Filmar, IT og samfunn, Informasjon | Comments Off
tysdag, september 15th, 2009
Mette Hanekamhaug (22) frå Molde vert yngste representant i denne perioden. Frå ho var 19 jobba hos som personleg assistent for Siv Jensen. Adressa intervjua henne i forkant av valet.
Via Twitpic
Posted in Informasjon | Comments Off
sundag, april 19th, 2009
Teknologiansvarleg informerer: Ufjelg har fått spesialsydd drakt for dei som er ute og surfar med iPhone eller iPod Touch.
Sørstatsrockansvarleg informerer: Fredag vart, som seg hør og bør, utelukkande brukt til å pløye igjennom mengder med sørstatsrock. Den store oppdaginga var Blackfoot si plate Strikes frå -79. Om eg var på bilferie i feks. USA, ville eg sytt for å ha minst eitt eksemplar av albumet med i bagasjen, og eitt i cd-spelaren.
Tags: bunad, drakt, iphone, ipod touch, sørstatsrock, teknologi, usa
Posted in Informasjon | Comments Off
torsdag, mars 5th, 2009
Har alltid tenkt at eg var akkurat litt for ung til å få med meg dette musikalske fenomenet på 80-talet. Derfor artig å få titta litt på kva dette var for noko.
I will never go to school
Litt meir prog enn eg hadde trudd..
Posted in Bøker, Informasjon, Musikk | 2 Comments »
onsdag, desember 10th, 2008
Avisa Verdens gang presenterte i dag lister over dei mest populære søka på internett i år. Ikkje så mange overraskingar og ikkje særs interessant. Her er ei liste over dei mest populære sakene på Ufjelg i 2008. Finans er naturleg nok hot, og merkeleg nok klamrar Tiller seg til toppen:
(tala i parantes viser kor mange gonger artiklane er opna)
(meir...)
Tags: lister, ufjelg
Posted in IT og samfunn, Informasjon, Ymse | Comments Off
onsdag, desember 10th, 2008
I Dine Pengers undersøking av bilførarars haldningar og handlingar kom BMW-eigarar, saman med Audi- og Mercedes-eigarar, dårlegast ut, skriv Aftenposten.
De beholder gjerne penger de finner, de kjører gjerne for fort, de sniker på trikken og synes ikke det er så ille å snyte litt på skatten. Samtidig er BMW det bilmerket som kolliderer mest.
Godt å få stadfesta dette.
Tags: audi, bil, bmw, mercedes, skatt
Posted in Informasjon | Comments Off
onsdag, november 26th, 2008
For folk som set pris på politisk analyse og gode diskusjonar, vil eg gjerne tilrå eit fjernsynsprogram som eg oppdaga tidlegare i haust og som no har vorte eit fast innslag i søndagskvelden min. Fareed Zakaria GPS går på CNN kvar søndag 21.00 norsk tid.
(meir...)
Tags: fareed, fjernsyn, politikk, zakaria
Posted in Informasjon, Ymse | Comments Off
fredag, november 7th, 2008
Grunna eit serverbytte for ei tid sidan forsvann bileta frå ein heil del eldre saker. Etter mange purringar har endeleg arkivavdelinga teke ansvar og rydda opp. Her følgjer eit knippe saker som har fått biletet sitt tilbake, og som med fordel kan lesast ein gong til.
(meir...)
Tags: arkiv, bilete, revisjon
Posted in Informasjon | Comments Off
fredag, september 5th, 2008

I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre i serien.
Tags: twin peaks
Posted in Filmar, Informasjon | 1 Comment »