Musikkdokumentarar

Nesten påfallande mange gode bandfilmar som har kome på markedet i det siste. Denne genren består jo ofte av reine promofilmar for bandet det gjeld. Litt liveopptak og kanskje eit intervju om krisa når dei måtte få seg ny keyboardist. Men her har noko skjedd! Såg nyleg DIG! ein film om forhaldet mellom sjelefrendane i banda the dandy warhols og brian jonestown massacre. Filmskaparen har fulgt banda i 7 år, og dokumentert ein gradvise eskalerande konflikt etterkvart som the dandy warhols slo igjennom mens den festglade gjengen i the brian jonestown massacre slit med indre konfliktar, aukande rusmisbruk og ein frontfigur med profetiske visjonar men med meir enn ein fot i psykiatrien. Med tanke på at det ikkje er lenge sia " Some kind of monster" og " No direction home" har blitt gitt ut synes det som noko har skjedd i denne genren. Har nett bestillt "Ramones -the end of a century" og "Fearless freaks" om Flaming Lips og håper dei er like sjåverdige.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

2 Kommentarar

  1. baardemann
    Posted 19. november, 2005 at 10:56 | Permalink

    Hmm. Eg har kun sett No direction home av dei nemnde, og sjølv om eg ikkje har sett så mange musikkdokumentarar i mitt liv, må eg vel ha lov til å seie at det er ein perfekt film.

    Forøvrig ser eg at fem heilt ulike personar har posta innlegg på framsida til Doktor Munk, og viss eg ikkje tek heilt feil snakkar vi her om ein rekord.

  2. hvrd
    Posted 20. november, 2005 at 11:22 | Permalink

    Gode tips dette, Snorre! Har planar om å sjå Talking Heads-filmen Stop making sense idag. Den skal visstnok vere på høgde med The Last Waltz. Det gjenstår å sjå.