Values and democracy

Sjølv om det førebels berre er 13 som har røysta på spørjeundersøkinga til høgre her på sida, må eg seie at eg finn resultata oppsiktsvekkjande! At fleirtalet ønskjer å surfe på internett i eit liv utan mosjon, musikk eller alkohol? Vel, det vert jo ikkje så mykje mosjon framføre pc-en, men kva skal ein surfe etter, når det ikkje finnst sport, vinsider eller musikk å laste ned? At nokon også tykkjer snus er meir verd enn til dømes musikk, er også ganske interessant. Eg kan vel berre avsluttningsvis slå fast at folk er jækla forskjellige! God helg!

5 Kommentarar

  1. baardemannen
    Posted 1. november, 2007 at 22:24 | Permalink

    Einig i at resultata er forbausande. Internett er veldig oppskrytt. Doktor Munk hadde til dømes gjort seg mykje bedre i papirform eller som musikk. For ikkje å snakke om i flytande form.

  2. Proletaren
    Posted 1. november, 2007 at 22:55 | Permalink

    He he.. I'll drink to that! Internett har vore med oss i tja, 12-15 år, men det er tydeleg at folk er bitne av basillen, medan ting som har vore med oss sidan tidenes føremiddag vert kasta på skraphaugen.

  3. hvrd
    Posted 1. november, 2007 at 23:14 | Permalink

    Eg gjer merksam på at Doktor Munk allereie eksisterer i papirform.

    Elles er det berre å sei at det er vemodig å sjå kor dårleg det står til for støvlar no til dags.

  4. Proletaren
    Posted 11. november, 2007 at 16:41 | Permalink

    Eg registrerer med glede at opp på langsida kjem musikk og mosjon og idrett med lange klyv. Ja, til og med støvlar har fått ei røyst.

  5. Proletaren
    Posted 5. desember, 2007 at 16:43 | Permalink

    Ja då var denne røysinga avslutta, og litt overraskande vart det musikk som stakk av med sigeren. Etter at internett og mosjon hadde lege i tet lenge, kom altså musikk opp på opplaupssida og vann med knappast mogleg margin. Støvlar hamna ikkje uventa sist medan det vat like mange røyster på snus og alkohol.