Posts Tagged ‘Musikk’

Ben Folds på Chatroulette?

tysdag, mars 16th, 2010

[Oppdatering:]Filmen går visst ikkje å embedde lenger, men den kan sjåast på YouTube.
Det vert spekulert i om det er Ben Folds som står bak følgjande meisterverk.

Eg veit ikkje, men det er den beste Internetthumoren eg har sett på lange tider. Iallfall på fleire timar.

Via nrkbeta.no.

Dr. Munks Popleksikon

laurdag, februar 6th, 2010

Speleliste basert på Ragnar Hovlands Dr. Munks popleksikon, 9,6 timar med subjektivt utvalgt kvalitetspop.

spotify:user:oygarn:playlist:7s58ibPc24wMy4luiVgnGK

130345_620x

Ufjelg Spotifyliste 1

onsdag, mai 20th, 2009

Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp.

Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.

(meir...)

Helgelyd på frigjeringsdagen

fredag, mai 8th, 2009

Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men nokså sjarmerande og koseleg. Her er ein smakebit frå My maudlin career:

Spotify

torsdag, desember 18th, 2008

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.

Om du ikkje har lyst å betale 99 bols/mnd, må du ha ein invitasjon for å få tilgang. I skrivande stund har eg to stk att og eg er så storsinna i desse juletider at eg rett og slett donerer dei bort til den første, og den andre, som melder seg (det er altså det såkalla "første mann til mølla-prinsippet" som gjeld).

Dobbeldans og pop

tysdag, november 25th, 2008

Det var ikkje fritt for at eg fekk ein smule hakeslepp då eg las omtalen av debutplata til bandet KaRL BaRX, A Produkt of Imagination: (meir...)

Dylan er ikke død

laurdag, oktober 18th, 2008

Sekstitalshelten Bob Dylan har markert seg sterkt i moderne tid med platene Time out of mind, Love and Theft og Modern times. Tell tale signs er åttande plate i bootleg-serien. Plata har 27 spor med overskotsmateriale frå perioden 1989 - 2006. Noko er alternative versjonar av innspelte låtar frå perioden, og noko er låtar som har blitt til overs frå plateinnspelingane. Dette restmaterialet står ikkje tilbake for noko nokon har gitt ut dei siste tiåra. Red river shore vart til dømes ikkje vurdert som bra nok til å komme med på Time out of mind, men første gong ein høyrer den, minner den om ein klassisk Dylan-klassikar. Refreng er oppskrytt!

For ikkje å snakke om denne alternative versjonen av Tell ol' Bill, som Dylan skreiv til filmen North Country i 2005:

Helgelyd veke 37

fredag, september 12th, 2008

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.