Kategoriarkiv: Informasjon

Informasjon frå Sentralkomiteen.

Røvarkjøp

Kvarteret held på å planlegge haustprogrammet, og noko av det første som dukkar opp er eit realt røvarkjøp: Serena Maneesh den 19. august til 30 bols. Det er rett og slett rasande billeg.

Litt nydeleg country kan vel ikkje skade?

Tellusalie har gitt ut ny plate og deler ut eit par låtar til glede for nye og gamle lyttarar på http://www.myspace.com/tellusalie. Takkskaldeha! Dette er forsyne meg noko av det vakraste på lang tid, og skal du bruke hardt oppsparte grunkar på ei ordentleg cd-plate i sommar må det nok bli denne.

Søtt

Trio Søt spelar Motorpsycho sine låtar på nynorsk på Collets cafe i hovudstaden onsdag 16. august. Det skulle eg gjerne fått med meg...

Dagens reklame

Som de forhåpentlegvis har lagt merke til har vi klart å halde Doktern rimeleg fri for kommersielle innslag. Denne gongen må vi nok gjere eit unntak. Lost Weekend-festivalen har laga ein annonse for festivalen sin og den ser slik ut:

Sjekketriks

Henning Engh (43) er lei av skrivefeil og presenterer bl. a. følgjande djuptgåane analyse: Altfor mange kvinner klusser med bruken av kolon og semikolon. I tillegg er det tydeligvis vanskelig å skille mellom presens og presens partisipp. Klikk på biletet:

Fotball

Fotballinteresserte kan ta turen over til ufjelg.org/tipping for å delta i ein uformell tippeleik. Alle er hjartleg velkomne.

YankeeHotelFoxtrot

Eg held fram med serien "Skattar frå skåpet (vi veit kor det står)", og presenterer den beste plata på denne sida av år 2000: Yankee Hotel Foxtrot av og med Wilco. Ein vert mållaus av å høyre på dette meisterverket, så eg seier ikkje meir, og overlet ordet til Doktor Pål M i Groove.no.

Trøbbel

Som de sikkert har merka har Doktor Munk (og ufjelg.org) vore særs ustabil(e) den siste tida. Dette skuldast problemer hjå serververten vår, og det er lite som kan gjerast med det. Vi kan diverre ikkje garantere at problema vil ta slutt med det første, så difor oppmodar vi på det sterkaste til å lytte til […]

Portvin: Korleis var det no?

Litt før jul hadde vi ein artikkel om portvin. Sidan talet på lesarar har auka ein del sidan den tid, er det på sin plass med ein liten oppfriskning på dette særs viktige fagfeltet, så her er ei lenke til artikkelen.

Vekas låt: Belle & Sebastian – Another Sunny Day

Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei […]