Kategoriarkiv: Informasjon

Informasjon frå Sentralkomiteen.

AVLYST: Popquiz

Grunna uventa omstende må diverre den planlagde quizen avlysast. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører. Men frykt ikkje, quizen kjem. På fredag førstkomande kl 14 vert den første online popquizen i Ufjelg-historia arrangert. Regel: Den som får høgst poengsum innan kl 18 same ettermiddag vert kåra som vinnar. Alle tilgjengelege hjelpemiddel er sjølvsagt lov. Dersom […]

Flyttesjau

ufjelg.org har flytta til ein tenar ikkje fullt så langt borte. Forhåpentlegvis går ting litt fortare. Gje melding om noko ikkje er som det bør vere.

Rock mot Pop

Det står 6-6 mellom Rock og Pop i røystinga som vert arrangert ein anna stad på denne sida og det er knytt stor spenning til kva det endelege resultat vert. Røysta di kan vere med å avgjere. Takk til røystekonkurranseansvarleg Proletaren. Forslag til røystingar kan sendast til proletaren@ufjelg.org.

Folkeopplysning

Eg las litt i Mekkeboka til Syklistenes landsforening idag og støytte på ordet unbrako. Kunne dette verkeleg stemme? Det heiter då verkeleg umbrako. Dette kunne også kollega S, ein røynd herremann i sin beste alder, skrive under på. Stort var sjokket då umbrako gav 799 treff på Google, medan unbrako gav 33,200. Då vi i […]

Konsertnytt

Dolly Parton spelar til dans i Vestlandshallen fredag 9. mars. Hoppsasa!

I høve den gode responsen..

.. vil eg nemne at det er kanelbullens dag i dag! Bak deg ein bolle og tenk på kor fattig verda hadde vore utan herlige doktor munk.

– Kjæresten min er kommunist

Eg har ikkje for vane å lese debattsidene på vg.no (aallaaaarm!), og eg oppfordrar heller ikkje til å gjere det, men dette er for fantastisk til å la passere: Kjæresten min er kommunist Godt mulig det er ein spøk, men god er den i så fall.

Intervju med Frank Silva

Dei fleste av oss hugsar nok Frank Silva. Kanskje ikkje under hans eigentlege namn, men berre ta ein kikk på filmen...

Vin meg her og vin meg der

Vår eigen Proletar er redaktør for den framifrå nettstaden Vinpressa.no, og i siste innlegg rapporterer han frå redaksjonen sin årlege tur. Denne gongen gjekk turen til Voss og Nord-Europas beste vinkjellar hjå Park Hotel Vossevangen og Restaurant Elysée .

Nytt frå fjern og nær

Grunna akutt mangel på kompetente skribentar held redaksjonen fram med å levere drøvtygd oppgulp frå Nye Media (TM): På internett står det at Johnny Marr (han tjukke i The Smiths) er blitt med i Modest Mouse. Gå' mann, som dei seier her i byn. Kamelonen i Bergen er konk. Bad stuff, altså, aldri meir forbi […]