Nokre av denne nettsida sine flottaste bidragsytarar var på rockefestivalen Øya i Oslo for ikkje lenge sidan. Der var det mange minneverdige konsertar, og den beste var kanskje !!! sin energiske og fengjande konsert på torsdagen. Denne konserten er diverre ikkje anmeld i aviser eller nettstader. På nrk P3 sine nettsider der det no finnst [...]
Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint. Eg veit jo at ein [...]
Pink Floyd sin frontfigur og låtskrivar fram til 1968, Syd Barrett døydde fredag i heimen sin. Han vart 60 år gamal.
Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet. [...]
Eg plukka fram ei plate med 70-tals psykideliarock og her er money i ny språkdrakt: pengar pengar, hu hei få deg jobb med bra løn og du er okei pengar gi gass ta til deg det du kan og putt dei i di madrass ny bil, god stil, lykke med opsjon eg trur eg kjøper [...]
Dersom du er så framsynt at du nyttar Mozilla Firefox nettlesar kan du installere ein såkalla plugin som heiter Stumble upon. Den kan ta deg til nye stader på nettet. I dag prøvde eg å snuble rundt litt og kom til dømes in på ei side for nokre som selde flytande runde hus, og ei [...]
I går høyrde eg den nye singlen til Marit Larsen, sist sett som halvparten av ungpikebandet M2M. Og dette var fine greier! Don't save me heiter sangen som er A-lista på P3. La oss høyre kva NRK.no seier om A-lista: Hits som alle har eller vil få et forhold til. 13 låter der hver låt [...]
17. desember, 2005 – 13:36
Ein ungarsk film om t-banekontrollørar, høyrest ikkje umiddelbart ut som ein superidé. Men for meg var dette den beste filmen eg har sett i år! Kontroll heiter han og er regisert av Antal Nimrod. Dette var visst debutfilmen hans. Og for ein debut! Filmen fekk 5 i Aftenposten, 6 i BT og 7,7 på IMDB.com. [...]
5. november, 2005 – 15:35
Sit akkurat og kosar meg med Sufjan Stevens sitt album Come on feel the Illinoise. Det er i sanning eit fint potpurri av pop, korsong, blåsarar, strykarar, sirkusmusikk og pompøse filmmusikkpastisjar! 22 låtar er ikkje verst når han har eit ambisiøst mål om å lage ei plate for kvar amerikansk stat. Han har jo og [...]
16. september, 2005 – 10:32
Det nye programmet til Bård, Harald og Atle hadde premiere i går og eg kan med ein gong seie at eg vart litt skuffa. Det var mykje Tazte priv-stoff som var omgjord til fjernsyn og andre ting som vi har sett liknande av før. Det var riktig nok litt humring, og Lena er moro, men [...]