Kategoriarkiv: Musikk

Skremmande bra

Bandet med det nest tøffaste namnet (etter Hawkwind), nemleg Meshuggah, er ute med nytt album. Slettemarken i BT har gjeve albumet gode skussmål og seier “.. . er Meshuggah fremdeles det bandet i verden som best klarer å blande to rare følelser: Være på en bra jazzkonsert og høre Slayer for første gang. Man blir [...]

Helgelyd veke 14

Hard rock forrige veke, no jazz. Mose Allison sin Parchman Farm. God helg!

Helgelyd veke 13

Inspirert av Lydverket onsdag har vi gleda av å presentere klassisk hard-rock frå 70-talet: Deep Purple og tittelsporet frå plata Burn utgjeven i 1974. David Coverdale har overteke mikrofonen frå Ian Gillan og han tek jobben på alvor. Skru opp volumet!

Helgelyd #4

Kva er vel betre enn å innleie helga med ein indie-hit frå det glade 90-tal? Ladies and gents, Sirkus Ufjelg presenterer Sebadoh med “gladlåta” On fire.

Helgelyd #3

Gruppa Shearwater består av mellom andre Will Sheff frå Okkervil River, men musikken er mindre rock og meir melankolsk americana i gata til Will Oldham. Låta heiter 12:09. Ha ei roleg helg.

Mike Patton/Stian Carstensen på Logen

Carstensen har tidlegare fått stipend for å studere afrokeltisk folkemusikk frå Appalachene, altså bluegrass, og han er også bevandra innanfor balkanmusikken. Denne kvelden fekk vi servert dette, i tillegg til primalskrik og lydeffektar frå Mike, The Human Beat Box, og smørsang av finaste sort. Den einaste som var skuffa etter denne konserten var han med [...]

Helgelyd #2

Pulling Mussels (From the Shell) med Squeeze. Ein power pop-slager frå 1979. Bør volast hardt, gjerne i bilen på veg heim. Låten er å finne på albumet med den velklingande tittelen Argybargy, og er, som sagt, ein slager.
boomp3.com

The Brian Jonestown Massacre til Hove

I går vart det stadfesta at The Brian Jonestown Massacre kjem til Hovefestivalen.

Helgelyd

Indierock og afrikanske rytmer i passeleg blanding utgjer ein humørfylt mix på denne låta, som innleier helga på ufjelg.org:

Poppoesi

Dagens poptekst er frå Daft Punk sin superhit Around the world:
Around the world, around the world
Around the world, around the world
Around the world, around the world
Around the world, around the world